I dag vakna eg til kvitrande fuglesong. Det saman med at sola byrjer å smyge seg inn vindauga, er dei fyrste vårteikna for meg. No er vinteren over! Gradestokken kryp opp mot 10 grader, og ungane slepp ta på ullundertøy. Fantastisk!
Publisert: 23.03.2009 fra Tekst og foto Solveig Johanne Grønstøl
Eg vart liggande å lytte til dei songglade fuglane i dag. Eg tok meg tid til det. Det var jo så nydelig. Då kom eg til å tenke på vår lovsong til Faderen. Eg såg for meg Gud sitte der høgt oppe på trona si i himmelen, og lytte nøgd til songen frå ungane sine. Han lytta, og smilte, nynna litt med og såg ut til at han tenkte at songen aldri måtte ta slutt. Eg er litt barnsleg og utsyrt med livleg fantasi, så eg såg alt så levande for meg. Han såg veldig fornøgd ut der han sat å lytta. Om eg gler meg så vanvittig over den fyrste fuglesongen tidleg i mars, kor mykje meir gler ikkje Faderen seg over sine kjære born som syng tonar som når like inn i himmelen? Ja, for lovsongen vår når heilt opp til himmelen. Og han lyttar, og han gler seg over den. Og når det er slik, vil eg i alle fall fortsette å synge. Eg kan jo ikkje stoppe då. Ha ein nydeleg mars månad, med fuglesong og himmelsk lovsong! Solveig Johanne H. Grønstøl |
Tilbake




